VA konferansen 2011 blei arrangert for 5. gong på Hotell Alexandra i Loen 2- 3 November. Men 38 utstillarar på plass og ca 125 deltakarar totalt er dette ny rekord. Vi takkar for god innsats frå føredragshaldarar og utstillarar.
Alle innlegga kan lastast ned her.
VA konferansen 2011 i Sogn og Fjordane blir gjennomført 2 - 3 November 2011 på Alexandra Hotell i Stryn. På denne konferansen vil dei fleste kommunane i fylket vere representerte. Program for konferansen ligg vedlagt.Pr 26 august er meir enn 30 firma påmelde med utstilling, men det er plass til fleire. Eventuell påmelding kan gjerast direkte til Driftsassistansen v/ dagleg leiar Tobias Dahle. Nedlasting av program: Program VA konferansen
VA konferansen 2011 blir arrangert 2 - 3 november på Alexandra Hotell i Stryn. Men godt over 100 deltakarar er dette den årlege møteplassen for VA miljøet i fylket, staden der rådgjevarar, kommunetilsette og leverandørar kan møtast. I fjor var nærare 30 firma representerte med utstilling. Program for konferansen blir sendt ut i juni. Påmelding til konferansen enten dette gjeld som vanleg deltakar eller som utstillar skjer med e-post (eller telefon) til Driftsassistansen.
Fagtreffet inkludert årsmøtet 13 -14 april blei gjennomført på ærverdige Kviknes Hotell i Balestrand. Representantar frå om lag 20 kommunar var tilstades. På årsmøtet blei viktige spørsmål slik som medlemskap i Norsk Vann og auka interkommunalt samarbeid drøfta.Det faglege innhaldet var særleg knytt til klimatilpassing, internkontroll og beredskap i vassforsyninga samt utforming av olje og feittutskiljarar. Foredraga kan last ned her:
30 - 31 mars 2011 arrangerte Driftsassistansen i Hordaland (DIHVA) og Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA) eit fagtreff om rammevilkår på VA sektoren. Målgruppa var ingeniørar både i offentleg og privat sektor. Dette var første gonga eit slikt seminar blei gjennomført på vestlandet. Med over 80 deltakarar, må oppslutninga om fagtreffet seiast å vere svært god. I 2012 vil nytt fagtreff om rammevilkår på VA sektoren blir arrangert 28 og 29 mars då på Alexandra Hotell i Stryn. Foredraga for fagtreffet kan lastast ned her:
Fagtreffet Rammevilkår og regelverk på VA sektoren blir arrangert 30 og 31 Mars på Solstrand hotell i Os. Målgruppa er kommunane på Vestlandet i tillegg til rådgjevarar og offentlege etatar. Arrangørar er Driftsassistansen i Hordaland (DIHVA) og Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA).
13 og 14 april blir det arrangert fagtreff for kommunane i Sogn og Fjordane på Kviknes Hotell i Balestrand. Tema er olje- og feittutskiljarar, beredskapsplanlegging og bruk av VA normer. Det blir og gjennomgang og synfaring av nye Balestrand vassverk.
Årsmøte i Driftsassistansen blir arrangert i samband med fagtreffet. Programmet kan lastast ned her.
VA konferansen 3 - 4 November 2010 samla meir enn 120 deltakarar noko som er ny rekord. 24 kommunar og 27 firma var representerte.
Dag 1 var foredraga knytt til leidningskart i VA sektoren og bruk av desse. Dag 2 var temaet praktisk drift av VA anlegg .m.a. reingjering av høgdebasseng og leidningsnett.
Under kan foredraga lastast ned
Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA) inviterer til VA konferansen 2010 på Alexandra Hotell i Stryn 3 - 4 November. Målgruppa for konferansen er kommunane i fylket, rådgjevarar, offentlege etatar og ikkje minst aktuelle leverandørar. Dei siste åra har det vore ei stor utstilling med om lag 30 ulike firma. I løpet av konferansen er det sett av god tid til utstillingsvandring.
Program for samlinga blir sendt ut i løpet av juni 2010.
I 2009 gjekk 9 kommunar i fylket saman om å engasjere ein person for å oppgradere leidningskartverket på VA sektoren. Prosjektet var då avgrensa til eitt år. Frå 1. juli 2009 var prosjektleiar Kåre Sigurd Os tilsett i regi av Driftsassistansen.
Det er no bestemt at prosjektet blir forlenga med eitt år fram til 1 juli 2011. Det er i hovudsak dei same kommunane som deltek også dette året.