10. September blei det gjennomført møte med 12 kommunar med siktemål på å samordne innsatsen for oppgradering av leidningskartverket i VA-sektoren. Erik Aschjem frå DIHVA orienterte om tilsvarande prosjekt i Hordaland der ein medarbeider er tilsett i Driftsasistansen gjennom eit spleiselag frå kommunane. Driftsassistansen i Sogn og Fjordane fekk i oppdrag å lage same opplegg her i fylket. Målet er at ein felles medarbeidar på leidningskartverk kan vere på plass tidleg i 2009.